Til toppen
Hvordan lokke til seg brølende hjort?

Hvordan lokke til seg brølende hjort?

Viltkokk og hjortejeger Joar Søhoel fra Jaktia PRO Team gir deg sine beste tips og triks til hvordan du kan lokke til deg en brølebukk best mulig. Både hjortebukker og hjortekoller er ofte svært på vakt i brunsten, og det gjelder å opptre riktig og forsiktig for at de ikke skal trekke seg unna.

Korleis få hjortebukken til å komme på lokk?

Lokkejakt på brølande hjortebukkar er vel noko av da heftigaste me har av jakt i Norge. Men jakt på store hjortebukkar har vore eit heitt og omdiskutert tema på sosiale medier. Så eg vil seie først at kvar jeger har sitt ansvar for å drive berekraftig jakt, uansett om da er etter hjort, rein, rype eller skogsfugl. Da er jegeren sjølv som veit kva dyr/fugl som er i terrenget sitt og kva som kan haustast som eit overskot frå naturen.

Når da gjeld hjortejakt så er da dei vakse kollene me må skjerma om for å få ei god å berekraftig stamme. Dei må me ha rikeleg av. Dei store hjortebukkane er og viktige, dei får kollene tidlegare klare til paring, som gjev tidlegare kalving på våren. Da vil kalven møte den kommande vinteren mykje bedre enn om den vert født seint på året.

Men har du rikeleg med store bukkar i terrenget så ser eg sjølv ingen problem for stamma å ta ut ein stor bukk om du har igjen fleire i terrenget. Ein storbukk parer seg med fleire i løpet av oktober. På ein hjortefarm er da ofte kun ein bukk som dekker 70-80 koller. Så for stamma sin del så vil eg seie at ein må finne balansen mellom å ta ut små og store bukkar, så ein alltid har greitt med yngre bukkar som tek over etter dei eldre. Koller derimot er dei som produserer kalvar, som seinare kan bli til ein flott 12 taggar. Så spar heller på dei vaksne kollene. Vert da ein hard og lang vinter er da som oftast kollene som overlever. 

Brunsten startar som regel i byrjinga av oktober og varer 3-4 veker. Midten av oktober er da som oftast høgbrunst og hjortebukkane brøler omtrent heile døgnet. Sjølv så har eg jobba som guide under hjortebrunsten og hatt veldig mange økter ute. I starten var da mykje prøving og feiling. Men etter nokre år så har eg følt at eg har knekke koden for korleis ein lykkast med brølejakta.

Brøl lite når du er i terrenget. Med ein gang du har brøla så har du røpa kor du er. Kollene vil spesielt ha fokuset i den retninga ditt brøl kom frå. Dei ynskjer veldig lite ein ny "valdtektsbukk" innpå seg om dei har alt valt sin "harem-bukk". Så om du brøler medan du går mot ein brølebukk som har koller med seg, så vil dei veldig ofte trekke seg roleg unna om du er for ivrig med brøling. Sjølv så går eg så tett inntil brølebukken eg kan utan å lage ein einaste lyd. 

Når eg har den innanfor 100 meter, og ikkje ser den så prøver eg først eit par små grynt for å få bukkens oppmerksamheit. Veldig ofte får du eit svart tilbake. Får du ikkje eit svar tilbake innan kort tid kan den vera på veg mot deg, for å sjekka deg ut. Men pass på vinden, bukken vil 9 av 10 gangar gå rundt deg å inn på vinden. Så pass på at du har god skytesikt der vinden trekker. 

Tidleg i brunsten har eg opplevd at dei kjem meir rett på meg. Men etter kvart som dei har slegest med andre bukkar og fått litt juling så går dei meir inn på vinden for å sjekke om dei har vore i kontakt med denne bukken før eller om da er koller i område der brølet kjem frå. Etter du har brøla første gangen så lytt godt etter kvistknekking. Bukken kan komme rundt deg utan at den brøler tilbake.

Får du svar frå bukken på same plass kan du prøva neste brøl litt lysare. Ein 6-8 taggar kan ha grove brøl, men når dei dreg på litt så blir da ein lys uling på slutten. 
Ved å etterlikna ein ungbukk så vil bukken du vil ha inn få meir sjølvtillit og kanskje komme travande rett på deg. Og får du svaret med korte mellomrom ø-ø-ø-ø-ø-ø så er da kampropet "no kjem eg å tek deg".

Skitt jakt og lykke til!

Med vennleg helsing Joar Søhoel, Jaktia PRO Team    //    @Joars_jaktogvillmat